Forne tufter og forn tale

 

Iallfall i skoledagane har nok mange av oss vore med på å synge om vårt naboland i aust at «du tronar på minnen från fornstora dar». Vi brukar kan hende med kvart også talemåten ”i forna dar”, utan å reflektere stort over det. – Svenskane nyttar forresten fleire ord på forn- enn vi, då bortsett frå nordiske fellesord som fornminne og fornsaga. Svenskane har også ordet fornlämning i same tyding som islandsk fornleifar, og når vi først gløttar i den leia, så har islendingane fleire talande ord, som fornmannahaugur om gammal gravhaug, så vel som fornbréf om gamle skinnbrev (diplom), for ikkje å gløyme forngrýti om granitt.

 

Norrønt fellesgods er også fornskald og fornyrðislag, glosar som fleire av oss har møtt i litteraturhistorisk samanheng, men vi kunne jo også nemne fornkvæði så vel som fornkveðinn ”sagt i gamle dagar”, og forngildr ”det som gjaldt, det ein retta seg etter i gammal tid”. Det før nemnde fornsaga kunne også kallast forntíðindi – merk Harstad Tidende og Norsk Tidend!

 

Ein god del av dette er ord med abstrakt innhald. Meir konkret blir det når vi kjem over til norrøne uttrykk som fornlendijordstykke som har vore i bruk i lange tider”, det vil seie motstykket til nýlendi, eller Nylen som det blir forkorta til i gardsnamn i Vefsn og Leirfjord. Men sant nok er nyland vanlegare i vår tids talemål.

 

Det er når forn blir brukt i slike konkrete samanhengar at vi kan vente at det dukkar opp også i stadnamn, og då kanskje der vi minst forventar det: I dag går våre flyreiser via Gardermoen, men vi er mange meir til års som lett forsnakkar oss og seier Fornebu, for det flyplassnamnet var i lang tid det fornemste i luftfartsamanheng. Opphavleg var det sjølvsagt nytta som gardsnamn, i stort sett same tyding som Fonnebust i Lindås i Hordaland, der Fonnebustsjøen like ved også opptrer i skriveform Fanebustsjøen, og til samanlikning kan nemnast at garden Fanby i Sundsjö i Jemtland finst omtalt som j Fforneby år 1524. Jamfør likeins Fonnebø i Vinje.

 

I Nordland det lett å oversjå liknande namn, for uttalen har endra seg ned gjennom tidene. Alt i norrøn tid opptrer fonn som dialektprega skriveform av forn, jamfør at horn dukkar opp i uttaleforma honn (håņņ) i stadnamn frå Valberg og Flakstad, eller at vi seier bonn (båņņ) for born.

 

Stadnamn som Fornhusvollen, Fornhuslia og Fornhusmarka (fåņņhus-) på gnr. 25 i Skjerstad (no Bodø) går sikkert tilbake på mellomalderbusetnad, og noko liknande gjeld vel for Forngamman, ei slette på gnr. 17 i Evenes – i alle fall er uttalen av Forn- den same der. Slitasjen på namneformer av dette slaget kan bli stor nok: Namnet på soknet og no tettstaden Fornåsa i Östergötland er skrive (in) Fornusom så tidleg som 1283. Det skulle vore Fornhusom, seinare spora namneforståinga endå meir av.

 

Men uttalen kan bli meir avbregda enn som så: Eit nes med litt finsand på gnr. 75 i Øksnes (Klo) ber namnet Fornnaustan (fåļļnøustan). Akkurat det same heiter ei vik med gammal lending på gnr. 102 i Eidsfjorden (Hadsel kommune). Både uttaleendring og landheving har gjort sitt til at folk flest ikkje utan vidare forstår kva dette i og for seg greie stadnamnet tyder.

 

Fornskogen (fåļļ-) heiter ein skogteig på gnr. 92 i Hamarøy, og tradisjon går ut på at der var gammal skog, så namnet tyder just det same som forn viðr «gammal skog». Det nærmaste vi her nord kjem stadnamn som fortel noko om ferdsle frå gammalt – bortsett frå fornnausta – er vel Follgøta på Fauske, jfr. norrønt forntroðinn götustigr. I dag eit byggefelt, men i eldre tider ein kjøreveg innover Lemman osv., brukt av Brekke og Midtigards-folk blant anna når dei var i vedaskog. Altså rettare Forngøta, der og.

 

Som namnekonsulent veit eg saktens at det kan vere delte meiningar om kor strengt ein bør normalisere eller “rette” på skrivemåten i høve til lokal uttale, så som når det gjeld bjønn (og bjynn) kontra bjørn, tjønn og tjenn kontra tjørn og tjern osv. Stort sett har nok folk forstått alle desse namne- formene utan problem, litt verre der vegvesenet lagar ugreie med skilting av typen “Kjønna” og “Kjenn”.

 

Når det gjeld Forn-namna, er det faktisk ikkje så enkelt. Eit lydrett Fonn- får oss til å tru at namnet har med snø- eller isbre å gjere, mens eit lydrett Foll- tilsvarande får oss til å tenke på Folla eller kanskje folk frå Nordfold eller Sørfold; slett ikkje er det tale om åkrar som gir så og så mange foll. – Så eg reknar med litt forståing for at eg berre har normalisert til Forn-.

 

Litt rart er det at målføre som skil greitt mellom bjønn og bjølle o.l. lagar floke når forn blir fonn! Men i stadnamn i Lofoten og Vesterålen er fonn (snøfonn) eit ukjent ord, og relativt uvanleg i resten av fylket. Då oppstår ein situasjon der det på ein måte kan vere hipp som happ med nn eller ll berre uttalen er palatal, noko som på landsbasis kan minne om tull = tunn “kvervel, krinsgang”. Alternativt kunne foll- vere samandrege av norrønt fornçld, fornaldar– “den eldste tida”, liksom øynamnet *Róçld gav Rolla.

 

I alle fall, namn som desse er språkleg interessante. Men realitetane attom kan berre folk med arkeologisk og lokalhistorisk kunnskap finne ut av.



Håløygminne 1-2008