Eit kjent fjellmotiv på vestsida av Andøya (Anda). Frå venstre Bleiksøya, Hårbandet, Stavan, Måtinden, Stavaheia og Stavamulen (den lett avrunda mørke fjellformasjonen i høgre del av biletet). Alle desse formasjonane var velkjende médfjell. Hårbandet må opphavleg ha vore namn på det tronge sundet i området, men som områdenamn vart det gradvis eit namn på holmen attmed. Må- i Måtinden kan vere ei eldgammal samandraging av eit opphavleg *móa-, av di at den flate Stavaheia - her snykledd - også er ein vid mo.

Moderne ord kan iblant få ein pussig vri, som når barn kan seie „fysøren“ for frisøren. Før i tida var universitet eit uvant ord, det hendte det vart til „undervisitet“. Især omformingar av siste slaget blir ofte kalla folke-etymologiar. Det er helst ord frå andre språk som får slik medfart.

Å bruke ord som kom seint inn i språket til å forklare eldgamle stadnamn fører sjølvsagt ikkje fram, for stadnamn inneheld ofte språkstoff som har forsvunne frå talemålet og som kan skrive seg frå mellomnorsk, gammalnorsk eller til og med frå urnordisk (frumnordisk). T.d. vil gno. gren seie „hi“ eller „hole“, men vi her nord overfornorskar det så å seie alltid til til „otergrein“, om vassike og småbekkar der oteren held seg. Gno. grjót i tydinga „stein“ blir vanlegvis lydrett til grøt, men kan òg bli overfornorska til „graut“. Gno. loekr tyder „bekk“, men blir rett som det er ikkje berre til løyk, men også til „lauk“, og gno. melr m (slik vi har det i sandmel) dukka i seinare hundreår opp i forma „mjøl“ i både skrift og tale, den tid folk endå dyrka sitt eige korn og berre sa mjøl. Likeins ser det ut til at gno. seil i tydinga „reip, band, belte“ eller også „rund lægd, senkning“ ikkje så sjeldan blir til „segl“ (båtsegl). Gno. sniðskjeremåte, snitt“ brukt i stadnamn tyder ofte "(noko som går) til side, på skrå" og blir uttalt Sne-, men i namn som Snebakken, Snelia, Sneskaret og Snevegen blir dette tidt overfornorska til Sny-. Tro- (gno. þró) „brye, trerenne“ var især kjent frå dei gamle mølnene og er faktisk i eitt tilfelle notert som „Mølntruhammaren“ mens Troa om ei renne mellom grunnar i eitt anna tilfelle er blitt til „Trua“. Slike omlagingar på grunn av forhasta samankopling med ord som liknar er - så lenge det gjeld norske ord - ofte kalla hypernorvagismer.

Det er likevel så at folk som veit kva som er rett, også kan radbrekke fremmendord og stadnamn for å gje andre noko å flire av. Folk kunne også lage pussige forklaringar på stadnamn berre på skøy:

Ein gong for lenge, lenge sidan rusla tre mann i lag opp på Åsen („Åse-åsen“). Der stilla dei seg opp og berre såg og såg, for det var så vakkert. Så sa den eine karen, han som stod og såg innover Roksdalen: Å næ se! Ja, så blei det å heite Åneset der. - Og hin karen på sin måte: Å se! Han stod og såg sørover, han, og slik blei det heitande Åse der. - Men den tredje, han snudde seg og såg nordover, og der var det så fint at han fekk berre fram: Å! Og det namnet kom den gården til å ha.

Finn Myrvang har vore leiar for Stadnamnprosjektet (under Arkiv i Nordland), der det er samla og lagt inn på data nær 200 000 stadnamn frå fylket. Har gitt ut „I havs-auga“ (i to bind) om stadnamn knytt til sjø og fiske på Andøya, og frå Lofoten tilsvarande „Nøkkelen til Utrøst“, attåt fire folkeminnebøker frå Andøya. - Mange artiklar og småstykke om stadnamn i „Håløygminne“, „Namn og Nemne“ og „Nytt om namn“, så vel som i „Bøfjerding“ o.fl. årbøker. Er statens (Språkrådets) og tidlegare Nordland fylkes namnekonsulent.  

Planen med nettstaden er å bruke foto med små merknader til å gje visualiserte stadnamntolkingar og legge inn lenker til artiklar som kan interessere.  Av praktiske årsaker er utvalet av foto best frå Vesterålen og Lofoten, men resten av fylket bør kunne bli betre representert. 

Meir om stadnamn finn du under flg.lenker

Ankenes - Fjellnamnet Børra - Forne tufter og forn tale - Fossile namneformer - "Har" i stadnamn - Horgberget og Sandhorg - Kåringen i Lødingen - Lofoten og det samiske - Lussi langnatt - "Postmodernisme" - Møysalen - Rein i høystakkane på Anda - Skinnstakk, stakk og stokk - "Stadnamn" kan heite - Kva er eit "sve"? - "Tallause"stadnamn? - Tjøtta og Kjøtta - Utmarkslåttene på Anda - Virak eller Vidrek? - Ånnstad - Ordliste - Fotogalleri